21.desember – ferie

Juleferien er offisielt byrja.

Og skuldrane synk omlag ein centimeter i timen… Eg klarde å få det litt i overkant hektisk i dag og – på ein fridag (!) – eg har eit eige talent for det! Men eit laaaangt bad med familien gjorde susen. Me var omlag åleina i badeland i kveld. Snakk om luksus!

Eg gaula julesongar i bilen heile vegen heim frå Sogndal i dag, og var takknemleg for at eg slapp å innom noko butikk! No har roen senka seg. Eg talde 5 bæreposar i gongen liggande og slenge. Diskane mine er truleg framleis på kjøkken, dei er berre ikkje synlege. Og kjøkkenbordet ber preg av julekortskriving og innpakking av julegåver siste dagane. Men i kveld skal alt få ligge heilt i fred. Det er ferie!

I måro skal bæreposane i gangen vekk. Og eg skal finne att kjøkkendiskane mine. Og so skal me ut å leike i soli, som i  dag skein 1 t 45 min – på årets mørkaste dag. Tenk om me får teke eit par vinterbilete og. Kameraet er endeleg oppattlada etter ein større leiteaksjon i kjellaren. Men no SKAL eg lære: ta færre innebilete, heller fleire utebilete…

Nettavisene ser eg linkar til rosa-bloggar, som om ikkje husmødrene har nok å stresse med no i juletida. Overskrifta var at julenissar var ut i år. Det skal visst pyntast med kvitt og gull. Og rosa sjølvsagt. Eg sette opp eit par nissa i glaskarmen på trass, og dei vert, kjenner eg meg sjølv rett, fort ståande til påske!

Juletre er komme til gards, min betre halvdel har vore på julatreskogen. Og so er kornbandet komme opp ser eg. Kaldt på småfuglane om dagen, må hugse å henge ut fleire maiskuler. Det har gått med ein del av det i haust!

Siste dagane har me ausa opp gutane, med nedteljing til juleferie. I dag då dei kom heimatt var det ikkje noko å hoppe i taket av. «Me har fri i meir enn ti dagar alle saman», jublar eg, og viser med fingrane mine… Ingen reaksjon. Dei lever, som alltid, i nuet, og det går truleg nokre dagar før dei forstår at me har ferie. Tydelegvis er det eit mykje større fenomen for oss vaksne at det no er ferietid. Det spørst om foreldre som er trege å få ut av senga i ferien er noko særleg betre enn barnehagen med leik og moro? Det vert juleforsettet i år – å gjere morgonstundene litt meir magiske enn at ongane vert ståande i soveromsdøri og prøvar å få oss opp =)

Der er alltid rom for betring – lat magien byrje…

 

 

Related Post