20.desember – joy

Livet sine små gleder. Dei er det sanneleg mange av dersom ein berre giddar kjenne etter! I alle fall dei fleste dagar =)

Min betre halvdel har tilbringa dagen på ski i Hemsedal. Ei herleg glede i kvardagen. Eg fekk i alle fall ein blid mann tilbake i kveld. Og eg fekk snike meg ein tur i bassenget, heilt åleina etterpå. Eg som aldri har likt vatn, anna enn i botnfrosen tilstand. 22 lengder symjing, nokre minuttar på massasjestrålene og til slutt flytande i eit folketom varmebasseng… ahhh… LUKKE!

Det tok akkurat 1 time og 15 minuttar frå Nes til eg var tilbake på Nes. Dersom eg kuttar ut velveret kan eg vere tilbake på under timen. (Ikkje at det er eit alternativ…) Det er med andre ord ikkje lov å nytte dårleg tid som unnskylding for å ikkje trene lenger =)

Og verst av alt? Eg tykkje den symjinga berre vert artigare og artigare. Eg har investert i badehette og briller, og so langt berre konsentrert meg om pustinga. Dukke ned, sparke frå, kjenne at eg flyg gjennom vatnet som ei stråle… heilt til eg dukkar oppatt nokre (forhåpentleg vis) meter lenger framme. Finne «flyten». Få nasen til å lukke seg. Trekke pusten og dukke på nytt, sparke frå og oppatt…

Eg kan ikkje skryte av den heilt store framdrifta. I mine spede forsøk på crawl (?) oppdaga eg i dag at eg gløymde å sparke med føtene då eg stakk hovudet opp for å trekke pusten! Ikkje mykje mulitasking-svung over den biten… Men små gleder i kvardagen, og det går sakte med sikkert – bokstaveleg tala – famover!

Sprute, det kan eg. Eg ventar i grunnen på at det kjem melding over høgtalaranlegget: «kan den store hjulvispen i midten trekke ut til sida slik at andre symjande ikkje vert skylt på land?». Men det har gått bra so langt. Eg er til og med byrja fantasere om at det hadde vore moro å stupt uti. Bortsett frå det med å lande med hovudet fyrst….

– – –

Elles byrjar det å roe seg. Det vert ein siste innspurt i måro, med juleavslutning i klassen, kakebaking til mi kjære syster og kaffi på bestaos med gode venner. Åsso kan juli berre komme for min del =)

Related Post