Regn…

Var litt i tvil kva månad me var i då eg køyrde framover dalen i dag… Måtte ha vindusviskarane på max styrke – og det er vanlegvis forbeholdt surt haustregn!

Var grått og vått på breen og, men jammen var det folk på turane likavel! Det er jo sjølvsagt ikkje noko som heiter dårleg vêr – berre dårlege kler =) 

Kanskje ikkje alle var heilt kledd for vêret, men det var ingenting å seie på innstillinga =)

breen i regn 

Og det aller beste med å gå på breen i timevis i høljeregn? Å komme heimatte til nyehuset som har BOBLEBAD. Og jammen var det ikkje litt ferdiglaga middag på kjøkkenbordet og =)

Tags:
3 Comments