19.desember – maraton

Tettpakka program siste arbeidsdagane mot jul, nett slik som me likar det.

Gutane var overlukkelege då dei endeleg fekk med seg bestemor på Sperla på bading i badeland. Me klarde til og med å dobbeltbetale for ho, men etter litt surring kom me ut med rett sum. Opp i sklia bar det, og mannen i huset forsikra ho om at sklia ikkje gjekk so fort – nett slik han forsikra meg fyrste gongen – men ho klokka inn på under 11. sekundar med ein smilande gut i fanget. Me minner om at shorts ned til knea gir mindre fart enn badedrakt kjære, eg anbefalar at du prøver badedrakt du og =)

Det bar rett i gebursdagsfeiring etterpå, og gutane kunne stolt levere ein boks politisk ukorrekte negerbollar i presang. Dei vart godt mottekne, men det var ikkje mange minuttane før gutane gjekk vertinna og spurde fint om dei kunne få smake kvar sin bolle. Me har litt å gå på når det gjeld etikett i store sosiale lag, men dei er definitivt komne langt på bakefronten =)

To trøytte luringar kom, til slutt, alt for seint i seng. Og DÅ skulle det pratast. «Mamma, du har for store jobb!», fekk eg høyre. Eg fekk ikkje noko utbrodering. Meiner poden at eg jobbar for lange dagar? Slike ting gir tusen spørsmål oppi eit julestressa mamma-hovud.

Eg  har lyst å leike oppi skogen». Ja, det var betre, det snakka me litt om. Kanskje me kunne gjere det til helga, ta med oss pølser og lage bål? «Ja, og då må Vidar vere med!»… Naboen? Eg forstod ikkje heilt samanhengen, men forsikra om at me skulle invitere han med. «For han har fyrstikker», kom det til slutt. ja, då er det jo klart at han må få vere med =)

 

RelatedPost