18.desember – gitar

Herleg kjensle å ha min gode gamle gitar i fanget att – nypussa og fresh!

Me feira med felles sangstund på stovegolvet. «No tenner vi vårt fyrste lys» er vekas slager, og den måtte syngast opptil fleire gonger. På ein god andreplass ligg «Mikkel rev». Me rota litt med å avslutte alle versa med «sender det tilbake» ei stund, men gjekk over til å berre synge fyrste verset etter kvart, då vart me meir samstemte.

På kveldens tredjeplass: «oksen og asen», som etter dagens kyrkjegange i barnehagen er det nye namnet på «Et barn er født i Betlehem». Me har berre pugga fyrste verset på den. Men i kyrkja i dag har dei sikkert sunge andre verset og, so det verset måtte me synge ganske mange gonger før eg fekk godkjent at oksen var nok omtala.

Songleikar kom inni mellom. «Bjørnen sover» er den moroasta av alle, spesielt dei gongene pappa er bjørnen. Men jammen vart det moro med «Er du veldig glad og veit det…» og etter kvart, då rare mamma med gitaren fann på all slags sprell som kunne gjerast. Og bonusrunden; me trekte sing-song kort – og song alle me kunne. Siste kort skulle syngast, og då vart det høglytte protestar. Kortet som vart trekt var «mannen han gjekk seg i vedaskog», og eg lot som eg skulle synge den, men song heller «so ro lillemann» – som er min favoritt kvelds-song. Ditta var IKKJE greit, tykte dei småe, den songen stemde IKKJE med det kortet dei hadde trekt, for der var det jo bilete av ein fugl!! Men eg tykkjer kråkeslakting er litt drøyt som nattisong for 3-åringar, og rodde meg vekk frå det ved å la dei få oppatt ein julesong som avslutning…

Ynskje-reprisen vart «Mikkel rev», og kjem truleg ikkje i kategorien julesong, men eg må likevel seie at eg kom i ei herleg julestemning av å synge med ongane. Gitar altso, det skulle vore med i alle nyfødt-bleiepakker ein får hos pampers! Kunne til dømes ha bytta ut dei gratisprøvane ein får av dei våtserviettane som er er spesial-laga for sarte babystumpar, men som du får etsande sår på fingrane av dersom du tek nedi pakka utan hanskar, og heller lagt ved gitar og songbok. For ei mykje betre verd me hadde fått då!

Julesong og julepakker pregar kjøkkenet mitt. Saman med kakepynt i lange baner, halvveges nedpakka på veg til langtids-lager i kjellaren. Eg har komme til den konklusjonen at ettersom eg berre pyntar kaker 3-4 gonger i året, treng ikkje kakepynten min ta opp eit heilt kjøkkenskåp resten av året. «Eg er stolt av deg!», sa min betre halvdel då eg byrja på prosjektet mitt. Eg skjønnar at eg ikkje har rydda kjøkkenskåp spesielt ofte, men ser fram til å sjå lyset litt oftare. Kanskje kan eg rydde eit kjøkkenskåp til allereie til neste jul?

Sjokolade høyre med til julepakke-pakking. Og i sjokoladens ånd, sjølv om eg sete med ei pakke melkehjerter og kosar meg heilt utan å dele med nokon, må eg ta med yndlings-sjokolade-diktet mitt slik på tampen:

«Sjokolade er lykken. Lykken sitter i hjertet.
Hjertet er av sjokolade. Ett til deg og ett til meg.
Alle hjerter gleder seg. Søte biter til en venn.
Fordi lykken vokser når vi deler den

 

Related Post