17.desember – alt etter skjema

Timeplan som ikkje høyrer heime nokon stad!

Det byrja so himla bra:

06.30 – 07.15:  Symjing i herlege badeland
07.30:  Fysioterapi
08.10 – 15.30: jobb
15.30 – 19.30: innspurt på julehandel
etter 20.00: blakk og lukkeleg, heimattkommen og kaputt i ein stol

I måro skal eg byrje eit nytt og betre liv… trur eg

Dagens nedtur; det var att berre ein sjørøvarkikkert på leikebutikken. Sjørøvarkikkert vart då fort strøke frå lista mi.

Til informasjon til alle som ikkje har prøvd å kjøpe berre EIN av populære gåver når dei har to eller fleire ongar, i håp om at ongane skal lære seg å dele – ein treng berre gjere det eksperimentet EIN gong, so har i alle fall FORELDRA lært at dette gjere me ikkje fleire gonger!

Dagens opptur: då eg oppdaga at det låg att ein halv sjokolade i døri på bilen som eg heilt hadde gløymt. Den fekk oppatt blodsukkeret ned kjørnessvingane medan eg mentalt gjekk gjennom rekkefølgja på butikkane på Sogningen og la opp ruta etter beste evne. Julehandel er eigentleg rett so koseleg, men det er heilt greitt at det berre er jul ein gong i året =)

 

 

Related Post