Mt. Blanc light 2

Årets ekspedisjon til Mt. Blanc vart lenge vurdert her i huset, men me fant ut at dei måtte reise utan oss. Husbygging gir ikkje akkurat den type trening ein slik ekspedisjon kreve. So me laga oss ein eigen ekspedisjon – oppå Hellesetvatnet!

ikkje noko å seie på utsikten! 

Me låg i telt – og fraus i rette Mt. Blanc-ånd… men sove fekk me likavel… i alle fall eg etter at Magne bytta sovepose med meg so eg fekk den varmaste =) Nydeleg utsikt oppe der, men sjølvsagt fortsatt att mykje snø.

min kjære i solnedgang

Tips å hugse på neste gang me skal på teltur: Tolekniv og/eller gassbrennar.

grillig

Men mat vart det no – og me hadde det aldeles strålande. Har fått rapport frå Chamonix i dag: der høljar regnet ned i strie straumar. Me fekk oppleve ein flott soloppgang ca kl 4 i natt – det var i alle fall då det raskt vart utruleg mykje heitare inni teltet! (Magne kraup ut av soveposen og låg rimeleg lettkledd etter soloppgang – eg hold visst ut til klokka nærma seg 8 iført 1 stk korterma ullskjorte, 1 stk langerma ullskjorte, 1 stk ullgensar, joggebukse og dei obligatoriske tjukke sokkane. Ja, i tillegg til at eg var inntulla i gåsedun-soveposen som mest sannsyneleg er berekna på temperaturar mellom 25 og 30 minusgrader. Er det rart eg har vore litt i svime i dag? )

2 thoughts on “Mt. Blanc light

  1. Karin Jun 28, 2007 20:24

    Ditta dar såg fint ut! Eg og vil på tur:D Trur eg må kjøpe meg telt… nokon som har eit lett og i OK stand telt som dei vil selje? Alle dissa friluftsgeitene vil jo alltid ha bedre og flottare utstyr, so eg antek at det ligg mange telt rundt omkring som er 3-4 gram for tunge:D

  2. Per-Arne Jun 29, 2007 11:28

    Hei, viss du og Magne skal nedover må dei seie i fra. Har lyst på den turen eg og.

Comments are closed.