15.desember – språkdebatt

Det har komme dei unge håpefulle for øyra at ikkje alle snakkar slik at dei forstår det…

Det eksisterar fleire språk!  «Landi», som eg tolkar til å tyde folk frå andre land enn Norge, snakkar annaleis enn oss. Det kallar me stort sett engelsk. Fram til i dag har me sett skilje mellom norsk og engelsk, og stoppa der.

Det er forresten stor stas når me snakkar engelsk til dei, då er det hysterisk latter og forsøk på å seie ordi sjølve. Til endå større latter. Språk er stas!

I dag byrja debatten innanfor norskspråket. «Eg snakkar norsk, men det gjere ikkje du, for me snakkar ikkje likt, du snakkar engelsk!» er tonen i baksetet. Eg er imponert over at dei legge merke til at dei snakkar litt ulikt, og oppmodar til vidare debatt…

Det er ikkje enkelt å debattere målsaker med to 3-åringar, men debatten gjekk føre seg omlag slik:

«Me har to store språk i Norge som begge er norsk», seier eg. (Me såg i dette tilfellet vekk frå samisk då eg tenkte dette kan komme i leksjon 2. Eller 5…). «Det eine norsk-språket heiter nynorsk. Det andre språket heiter bokmål.» Som eksempel nyttar eg mine unge håpefulle, der ein snakkar nynorsk og seier EG, og den andre snakkar bokmål og seier JEG, bortsett frå då eg skulle forklare dei skildnaden, då sa han sjølvsagt EG.

Etterkvart kom me fram til fleire ord som var ulike – men debatten dreia likevel etterkvart frå å handle om skilnaden mellom eg og jeg, til skilnaden mellom ja og nei… Og konklusjonen deira? «Når eg blir stor skal eg lære meg å seie ja og nei». Det er bra, tenkjer eg, det har i ein periode vore mykje nei, so eg ser fram til den dagen eg inni mellom får ja som svar på spørsmåla mine =)

Elles rakk me to gebursdagsselskap i dag, og eit anna selskap. Tre selskap på rappen? Ein perfekt laurdag!