Jonsok

Har skjedd mykje no på nokre dagar, men ikkje so mykje her i huset. Rotet har ikkje gått sin veg. Pappa og Erling hadde seg ei økt her på laurdag, sette inn foringar i glaset på kontoret i kjellaren og byrja å liste kontoret. So vidt eg har forstått so kjem dei tilbake i måro for å gjere ferdig det rommet, og då skal det bli enklare å få litt orden i sakene her.

Må ta med at då eg kom heim frå jobb torsdag, so fekk eg ikkje lov å komme inn i huset. Av svigermor. So eg måtte no berre reise att med eingong, skulle likevel møte Magne i Sogndal. Då me kom heimatt var det skjedd endringar på verandaen vår: der var rydda – og komme på plass nye hagemøblar:

Må no berre få seie tusen takk til Marie og Hans! Var kjempeflotte møblar =)

Eg har jobba i Jostedalen siste dagane, på Breheimsenteret. Det har vore Brefestival der i helga, so det har vore mykje folk og full rulle. Likevel måtte eg no få med meg arrangementet til Bygdelaget her på Nes i gårkveld: feiring av Jonsok. Det var rigga til på ballbana her på Nes – og det møtte opp mange folk sjølv om vêret var heller labert.

magne i aksjon

Magne var med å grilla litt – det trengdest mykje mat til dei ca 125 oppmøtte! Kan lese meir om arrangementet på den nye (midlertidige) heimesida til Nes og Høyheimsvik Bygdelag – som er under utvikling *=)