13.desember – strikkemafiaen

Ein god føremiddag med husrydding. Endeleg.

Den vart hovudsakeleg tilbringa på soverommet, der eg leita etter ei gebursdagspakke som har ein lang historie, men ho skulle i alle fall ha vore levert for ei tid tilbake. Pakka har vore sporlaust forsvunne, men eg har lokalisert ho til soverommet med enkel elimineringsteknikk. Eg fann mykje løge rundt om der, og hadde omlag gitt opp alt håp då pakka endeleg dukka opp i siste posen. Kvardagslukke kan vere so mangt!

Vask elles i huset er det framleis so som so med. Eg får sitere Liv Signe som siterte nokon andre på radioen her ein måro: «dersom ikkje nokon skal feire jul innerst i skåpi dine, so treng du ikkje vaske og rydde der». Eller noko slikt. Eg skriv under på den.

Santa Lucia vart oppsummert slik: ein junior hadde lys som brann, og den andre hadde eit lys som brann ei liti stund, men slokna ganske fort. Javel, men… kvar brann desse lysa? «Rundt barnehagen. To turar». Eg veit ikkje om dei heilt hadde fått med seg bodskapen denne dagen, men det er eg ikkje sikker på om eg har heller… Betre lukke neste år!

Eg fekk innrykk av strikkemafiaen på kveldstid. Det er eit av lyspunkti i kvardagen: Å sitje med trivelege damer, eit strikketøy i fanget, noko godt på bordet og god fyr i ovnen. Skravla går, men eg er framleis på eit so tidleg stadium at eg på stoppe opp å spøte medan eg skal fortelje noko, det seier seg vel då sjølv at eg berre har strikka ein 3/4-vott siste året, men det går framover, eg er byrja å felle av, då er det håp! Om det vert ein vott nummer to er meir usikkert…

Trøsta mi er, som eg alltid har sagt, alle kan ikkje vere flinke å strikke, nokon må kunne FÅ det som vert strikka og. Eg stiller meg fremst i køen!

Related Post

2 Comments