14.desember – sol og storm

Tur til Årdal i dag!

Han som var att heime har ikkje vore heilt i form, men har fått med seg at sola kom på Nes kl. 11.55, og for att kl. 13.45 – det vert i underkant av 2 timar sol, men det hjelp sanneleg på husvarmen =)

No blæs det apekattar ute. Skikkeleg kraftige stormkast. Reknar med at den vesle snøen me har fått snart er flytta over til Marifjøra og omegn, men slikt må ein vel rekne med her på høgfjellet på Neshøgdi!

I måro vert det den store dele-ut-julekort-dagen, «coming soon, to a postbox near you!»

Related Post