Eksotisk trimtur

Skulle vere ein liten rusletur i sola-gla’e, men vart no litt lengre tur enn det =)  Eg, Magne og Gipsey har utforska eit par nye stiar i skogane over huset vårt. Eg har ikkje gått so mykje oppi her endå utanom etter skogsvegen, so i kveld vart det andre bollar.

Då me var på veg nedatt sto hesten ganske nærme ei grind som me måtte gjennom, og då han oppdaga Gipsey kom han rett bort til gridi og stilte seg opp. Eg spurde han om me kunne få passere, og han sa ikkje noko i mot det, men Magne var ikkje heilt overbevist, so i staden tok me oss ned nokre inn og utmarke der det tydelegvis vert dyrka brenneneslar, hesjastreng og julatre.

Gjekk nedover eit stykke langs ein mur, og plutseleg seier Magne «sjå der», og eg som då strevar med å gjennvinne balansen med retning mot ein bringebærkjørr klarar å komme med eit fantastisk utrop: «ein kenguru»… Jadå Ann Kristin – nice going. Magne trudde jo sjølvsagt at eg berre tulla so han sa: «det var ein jammen ein raudrev det»… då skjønnar han at eg IKKJE hadde tulla – at eg faktisk hadde trudd at eg såg ein kenguru – og heldt på å le seg i hjæl. Eg kan dessverre ikkje forklare kvar det utsagnet kom frå. Det berre datt ned i hovudet mitt… sukk. Eg er jo faktisk klar over at det ikkje finst ville kenguruar på Nes… men ein kan aldri vite. (om å gjere å ikkje gi seg!!)

Men me kom oss no til slutt nedatt i hovudvegen like ved Nes Gard, og rusla heimatt. Me var alle tre einige om at det hadde vore ein rusletur utanom det vanlege. God trim fekk me i alle fall =)

One Comment