Gebursdagsfeiring til fjells =)

I dag har me teke turen til Sperlestølen, der det var feiring av Bjarne sin gebursdag. Eg fekk den gode ideen i gårkveld at eg skulle bake ei kake å ta med meg…

… so den måtte eg jo då sjølvsagt bere i håndi heile vegen opp. Men eg hadde no funne på ditta sjølv, so då kunne eg ikkje klage =)  Me kosa oss no skikkeleg i alle fall – og kaka fall i smak.

Mamma og pappa laga middag til oss og, før me for nedatt for å vere i opningsselskap i huset til våre nye naboar. So i dag har me i grunnen ikkje nådd so mykje meir enn å ete.

Gipsey var ikkje heilt i hundre då me gjekk oppover skogane i dag, men kan skulde litt på at det var skikkeleg lummert, for nedatte sprang ho som ein kvalp over alle haugar =)

Eg og Signhild slappa av med fotosession ved sela, medan Magne og Gipsey tok seg ein buldrerunde rundt omkring. Gipsey vart fort lei, ho skulda på at ho ikkje heilt fekk inn teknikken =)

One Comment