12.desember – sensur

Det har gått tre veker sidan innlevering av heimeeksamen. Kvar dei vekene har forsvunne veit eg ikkje, men eg kjenner eg er ekstremt klar for å finne ut korleis det gjekk på eksamen, og forhåpentlegvis legge vitskapesteorien bak meg for alltid.

Det kom ikkje noko sensur denne dagen, omlag som venta, då dei som hadde denne eksamen i fjor måtte vente uendeleg lenge på svar. Eg sette derfor min lit til telefonen, for å høyre om det var mogleg å få vite noko meir.

Psykologiske fakultet, pedagogisk institutt, informasjonssenteret, avdeling for lærarutdanning, eksamenskontoret, sesortelefonen, eksamensansvarleg ved hytt og pine – nei, det var ikkje mange svar å få… før det lysna i horisonten – protokoll var sendt frå høgskule til universitet måndag 1o.desember.

Eg fann ut kven mottakar var, og sende e-post til vedkommande, og fekk svar 30 minutt før eg sende e-posten (!). Truleg har ein av telefonane mine ført fram likevel? Protokoll var allereie motteken og vidaresendt til eit anna kontor ved universitetet, men grunna sein postgang ved universitetet i desse tider (!) kunne det endå gå ei tid før resultat vart lagt ut i studentweb. Men han håpa det skulle kome i byrjinga av neste veke…. Eg kjenner eg er middels frustrert over at ting tek so langt tid når alt er klart og karkaterane er bestemt for 3 dagar sidan, og eg kjenner eg er LANGT over middels frustrert over å gå på eit studium som to institusjonar deler på. Høgskule skuldar på universitet, og universitet skuldar på høgskule. Sanneleg på sin plass at eg skal ha studiefri i maaaaaaaaaaaaange månadar no =)

På heimefronten fekk me den 12.12.12 kl. 18.00 erfare at å reise ein – 1 – vaksen på bading med to – 2 –  tre-åringar IKKJE var greitt, det var beint fram livsfarleg. Badekle på – check, bading – delvis check – men dusjing og stell etter badinga – ikkje check. Førestill deg kjensla av å stå i dusjen og du skal dusje to gutar som langt frå var ferdige med bading. Du får vaska den eine, men då er plutseleg den andre vekke. Stort søk, får lokalisert den andre frå motsatt kjønn sin garderoben via kjennsfolk som ser etter spor/lydar/ongar, men det er sjølvsagt ikkje berre å springe rett inn å hente onge. Å lokke/lure/true frå utsida, via ekkoet i dusjen, må i grunnen berre opplevast – endeleg tilbake i rett dusj. Du får dusja onge nummer to og står endeleg sjølv og dusjar, og der er plutseleg berre ein onge ved sida di att. Kvar er den andre? På att med badekle, gjennomsøke heile badeland medan nummer ein må stå att åleina i dusjen for andre gong – i under middels godt humør. Nemde eg at dusjing med hårvask er noko av det mest grusomme her i verda?

Eg deltok i badeøkta frå land på slutten, for me har ein gut som er overivrrig gal etter å ta storesklia, og der er det greitt med fylgje enn so lenge. Nummer to tykkjer at det er heilt unødvendig å gå opp den lange troppi, skli nedatt i kaldt vatn for so få heile spruten i ansiktet, so han vil vere att i eit av dei andre bassenga.

Men enden på visa med to vaksne vart at gutane sprang mellom herre- og damegarderoben – til stor underholdning for alle dei andre som var der, og veksande frustrasjon for involverte partar. Her er tydelegvis ein heil del å gå på når det gjeld planlegging, lage avtalar med juniorar, lage avtalar mellom dei to vaksne og mykje anna småtteri.

Apropo sensur – eg ser at her kanskje kunne vore sensurert nokre setningar inni mellom – i ordets andre tyding – men let det stå til skrekk og advarsel for oss sjølve om me skulle føle for å «berre stikke på bading åleine med gutta» att ein kveld i nær framtid. Ikkje at eg trur det er spesielt truleg…

Reine vart me i alle fall, og badeland er framleis fantastisk flott, men neste gong badar me alle 4, so enkelt er det – i alle fall so lenge me treng å ta av og på tre lag med kle for å forflytte oss frå hus til bil til badeland og heimatt. Det må då bli litt lettare når me berre kan hoppe i shorts og t-skjorte etter bading, og køyre heimatt i solnedgangen?