11.desember – ynskjer frå barnemunn

«mamma, eg ynskjer meg hanske til jul»…

Ja vel, tenkjer eg, det har eg jo allereie kjøpt, so det passar bra. «Slek magisk hanske som julekongen har, som kan lage snø», fortsett min unge håpefulle, etterfulgt av handrørsler og lydar som indikerar at snøen kjem ut av håndi…

«…æhhh…du veit at det er berre i eventyr at ting er magiske? Eg trur ikkje at eg kan skaffe ein slik magisk hanske til deg »

«Julenissen kan!», smiler poden, og tek stuper kråke bortover golvet, sjølvsikker og fornøgd….

Eg set att svar skuldig – som vanleg – og funderar over kva i alle dagar me skal finne på som unnskyldning når julenissen… mest truleg… ikkje leverar ein magisk hanske i Kvam på julafta…