10.desember – julekongen

Multitasking til nye høgder…

Sjå gjennom nokre tusen bilete for å sjå om der er noko som kan nyttast mot juletider (note to self: me teke alt for mange bilete innandørs!), bestille litt småtteri på nettbutikkar, legge ongar og prøve å finne ut kva julekongen eigentleg handlar om. (Ridderdalen og sølvskogen, ein hanske og to årstider, gode mot det onde jaja, men har  liksom ikkje heilt fått tak i  den raude tråden endå. Det er vel prisen å betale for å ikkje byrje å følgje med før episode 6)

Me har forresten det til felles, eg og julekongen, at me konstant leiter etter hanskar. Og vottar. Skildnaden er at eg finn alltid ein, men ikkje den andre. Han treng berre ein, men kan ikkje få tak i han…

Nyoppdaga førjulskos: sjå babybilete og filmsnuttar saman med dei to STORE gutane mine. «Der var me jammen småe», humrar dei, medan me ser på bileta frå påsken i år… Alt er relativt, dei var i alle fall mykje mindre då enn dei er no =)

Fekk telefon om julehandel midt oppi alt styret mitt, finn ut at det har pågått ein håndballkamp og i kveld, bra kamp og seiast det, MEN det er ikkje nok timar!

Kveldens problem: ikkje nok USB-portar på PCen til å koble saman alt eg treng på kjøkkenbordet, tvilar på at det var problem dei møtte på i Riddardalen! Klar for episode 3, og mappa for mars 2012 er klar til gjennomgang, still going strong =)

 

Related Post