Fossar i fritt fall

No  i dissa vestside-elvar-tider so fekk eg heilt hetta då eg var på stølen for eit par dagar sidan. Høg vassføring fekk fotoapparatet mitt til å gå heitt! Tenk om vakre fossane er vekker om nokre få år?

OVER: hente-vatn-plassen vår. Ikkje store fossefallet, men gåven tå fossen kom heilt bort nesten heilt bort til sela våre. Fantastisk godt når gradestokken er sprengt og sveitten sperrar utsikten =)

Sela til Halveg og Oppistovingane.

UNDER: dinna fossen forsvinne viss utbygginga går sin gang. Då skal inntaket vere like over fossen! Sukk… Eg tykkjer no det er litt tragisk:

Kanskje ikkje so enkelt å sjå kå stor han er på bildet over, men bildet under er det vanskeleg å mistolke:

Vatn er undervurdert =)

2 Comments