9.desember – nysnø

Endeleg kom snøen me har venta på i fleire veker. 10 cm er betre enn ingenting, og akkurat passeleg mykje å trille seg i på ein søndag i Jostedalen. 

Og sjølv om snøen i seg sjølv var spennande, vart det å setje kjettingar på nye-traktoren som kanskje var mest interessant!

Dagens nykommar: «isse» vart plutseleg til «ikkje» hos eine junioren, og då det var ikkje lenge før begge sa «ikkje». Dette måtte øvast på, so me har hatt «vil ikkje», «kan ikkje» og «høyre ikkje» uansett kontekst utover kveld og ettermiddag… Framsteg er flott, i alle fall nokre dagar etterpå =)