8.desember – Leikeland

Gjennom helsestasjonen i Luster kommune vert det inni mellom kalla inn til tvillingtreff. Me fekk ikkje med oss det formelle, då sat eg neddynga med heimeeksamen. Men det andre litt meir uformelle fann stad i går, på Vesterland. 

Koseleg å møte andre tvillingpar og sjå kjekt å sjå andre tvillingar i aksjon, me håpar det vert fleire slike treff!

På kvelden var det «leikeland» for mor og far – fantastisk koseleg julebord øvst i Jostedalen. Maten var utsøkt, stemninga på topp og vertskapet fortreffeleg – som alltid! Me var til og med i seng før kl. 05.00, om enn med ei litt redusert songstemme.

Eit lite utval frå menyen…

Det kom mange gullkorn utover kvelden, mitt høgdepunkt:

Det var inni mellom gitar og allsong, det dukka opp nokre julesanger, og eine verset av «gjekk meg over sjø og land» vart dedikert til tørrmopping: «… og alle dei som tørrmoppe kan, dei høyrer heime i tørrmoppland!» – med spontanutbrotet «men eg lika ikkje tørrmopp, eg har sentralstøvsugar» som punsj-line frå eine hjørna før neste vers tok til. Priceless!!

Ei stor helsing til vertskapet som har skapt ein særdeles triveleg førjulstradisjon =)