6.desember – julehandel

Det er lite eg har snakka med sitat-makarane mine i dag, og ingen gullkorn har komme so eg har høyrt, men eg har derimot gått laus på julehandelen for alvor!

Senteret har fått nye opningstider, til klokka 19 kvar dag. Eg var nesten i mål med runden min då klokka var stengetid, men då ingen butikkar stengde, fekk eg ein heil time til der eg kunne dra visa-kortet i høgt tempo. Og då eg endeleg sette kursen mot bilen, oppdaga eg at det var 50% storsal på reflex. Snakk om julekvelden på kjerringa! Sjølv om halv pris egentleg berre betyr at ein kjøper dobbelt so mykje…

Triveleg med litt julehandel i adventstida, og i alle fall triveleg når ein kan krysse ut punkt etter punkt på lista. Det vert derfor nedteljing til siste storhandel, også kalla lønningsdag, og deretter kan jula berre komme for min del. For jula nærmar seg no. Som min kjære sa det so fint: «ein veit det går mot jul når ein finn mandarinskal i toppmataren på kopimaskinene rundt omkring…