3. og 4. desember – Pannekaker

Litt lite soving siste dagane, då sler me saman to døger og reknar dei som eitt =)

Men humøret er slett ikkje verst av den grunn. Eg slo til med skikkeleg middagen på ein måndag, og laga ein av mine eigne yndlingsrettar; heimelaga pote/grønnsak-stappe m/pølsegryte attåt. Ved forrige stappe-middag åt både store og småe utvitande både kålrot, blomkål, brokkoli og gulrot. Stapper er jammen ein fin ting.

Men akk ikkje alle gonger går det same eins. «Skal me ha pannekaker i dag?»… Nei, no har mor i huset laga skikkeleg middag, då vert det i alle fall ikkje pannekaker! «men eg har so lyst på pannekaker…»… Tja, me kan kanskje lage det til kvelds? «JAAAA, mamma sa me skulle ha pannekaker til kvelds!»….

Eg ropar at middagen er ferdig. «Nei, eg vil ha kvelds» får eg då til svar. Den andre håpefulle har sovna.

Fram med vaskebøtte, gardintrapp og klut, nal og kjøkkenhåndkle. Å vaske glaset i trappeoppgangen er einaste faste huslege gjeremålet me har i løpet av året, påpeiker han som er kommandert opp i gardintrappa for femte år på rad, medan eg utnemner meg sjølv til håndtlangar. Glasrutene vert blanke, og stjernelysa kjem endeleg på sin plass – 3 dagar ut i adventstida! «Kom og sjå», ropar me inn i stova. «Er det pannekaker no?», får me til svar…. O helga jul =)

Julenissefest i barnehagen i gårkveld. Innandørs. – 15 grader og lett bris frå nord. Flott julespel frå dei eldste barnehageongane. Akrobatiske øvingar frå nokre litt yngre, då mine inkludert. Dette kan eg ikkje hugse passa heilt inn mellom englar, vise menn og Maria med babyen i handa. Eg tenkjer me kanskje må øve litt meir på å lytte og sjå, og litt mindre på å stupe kråke og ta spensthopp. Eg tvilar på at 3-åringane er einige, men her er eg sta som eit esel, eller asen eller kva det no heiter, og me får berre verte enige om å vere uenige!

Det vart mykje graut og saft, pepperkaker, seigmenn og sjokolade i glade barnemagar denne kvelden, og enden på visa? Me fekk plutseleg ei heil natt med soving att… DET er lenge sia det… Det må ha vore i dei dagar då keisar Augustus…

Vel,vel – Takk til akrobatikk og spensthopp

RelatedPost