2.desember – Traktor

Full konsentrasjon i morgontimane, og med god innsats frå små og store var me alle komne i Lustrabadet til klokka var halv elleve.

Ekstrembadeveka går mot slutten, eg har visst bada 6 gonger sidan forrige søndag. Det vert nok ikkje normalen, men fantastisk herleg å plaske i heitt og godt vatn inni mellom travle førjuls-gjeremål. Eller kanskje eg bør rette det til godt med plasking I STADEN for førjuls-gjeremål =)

Etterpå var det Jostedalestur, kalde dagar med litt for lite snø for tida…

På Sperla var det komme ny traktor som måtte både inspiserast og test-køyrast. Me hadde diskutert dette litt i bilen fram, og eg lurde på kva farge denne traktoren hadde? Kanskje han var grøn? NEI, BLÅ. Det var ikkje tvil, og dei hadde so rett:

«Han var stor og god, og han gjekk fort. Eller han gjekk vel ikkje for fort, bestefar?» var oppsummeringa. Approved.

Det er framleis ikkje noko som minner om jul i huset vårt, sett vekk frå eit par øskjer med pynt som er komme frå rausloftet og ned på vaskerommet, og no står i vegen for både klesvask og nokre ytterst akutte bleie/kles-skift i ny og ne.

Me vonar at det vert advent i huset i måro? No ventar ei fagleg førebuingsøkt til den alltid lika hektiske måndagen som kjem like brått på kvar veke.

Related Post