1.desember – Syng, syng

Det vart ein litt sein kveld i går i hyggeleg lag. Planane om å pynte og vaske hus stoppa derfor av seg sjølv då vaskeromsvasken viste seg å vere tett, dette var ikkje rette dagen å angripe dette problemet på. Men å synge litt, det skulle me vel klare?

Det er nemleg komme eit ark med julesongar som me skal prøve å øve inn til julefest i barnehagen. Kjekt for oss heime å få vite kva dei syng på, og kjekt å synge i lag med dei! Ongane har sikkert sunge mykje i barnehagen allereie, for eg har ein som syng so det ljomar. Men eg har og ein som ikkje kunne brydd seg mindre. Det er for so vidt greit det, men eg tenkte no eg ville gjere nokre forsøk på å lære inn i alle fall ein song. I bilen song me derfor «på låven sitter nissen» so det riste i taket. Men då me kom til «han nikker og han smiler» stoppa det opp, og følgjande kommentar kom tørt: «ahh, det er so mange ord mamma». Dermed vart det stopp med den songen. Hardt og brutalt.

Nytt forsøk, med lystenning på kjøkkenbordet attåt kosestund med plastelina, «No tenner vi det fyrste lys» syng eg og prøver å få respons. «Eg kan ikkje synge når eg arbeidar» får eg til svar. Greit nok.

Siste forsøk i kveld etter kveldsmaten. «Eit barn er født i Betlehem». Me øvde oss på å seie Betlehem, og eg fortel om eit barn som kom ut av magen på mammaen sin i Betlehem for lenge sia. Eg syng heile fyrste verset og ventar spent på respons: «Eg har so ilt i hovudet», får eg då høyre, og eg tenkjer at han sikkert kan mime desse songane heilt fint utan å lage lyd….

Han som likar å syngje er meir mottakeleg for innlæring. Og sjølv om det går tåleg bra, tenkjer pedagogen i meg at det truleg er endå lettare å hugse orda dersom eg forklarar kva det er me syng om.

«Gull, røykjels, myrra gav dei han» handlar om at han fekk pakke, seier eg. «Var det julepakke under treet?» spør spiren. Tja, det var både bursdag og jul konkluderer eg, «slik som tante som feirar jul og bursdag på ein gong». Ja, det er godteke. So får eg heller tåle at tante kanskje ikkje er overlukkeleg over å få spørsmål frå poden framover, der ho vert direkte knytta til Jesu fødsel, men slike bagateller kan ikkje me hefte oss med =)

Me prøver oss på Fager er den himmel blå: «…sælt det er å skoda på» – jo det tyder at det er flott å sjå på, seier eg. «Men me kan ikkje synge dei lette orda, for då rimar det ikkje».

Rim er me opptekne av for tida, og eg ventar på oppfølgjingsspørsmål: «Fantorangen skal feire jul med nissehue på», seier poden. Eg konkluderar med at tolking av julesongar truleg  ikkje er påkrevd for 3-åringar, og avsluttar songtimen for denne gong.

I musikkens teikn; eg har endeleg teke mot til meg og levert min høgt elska gitar til service i Sogndal. Og der var det ikkje mange godord å få. Det kom til å bli ein kjempejobb å reinse, vaske, skru og stramme divers dupedittar. Framandord og sterke glosar kom hand i hand, og eg forstår at eg kanskje må gjere dette oftare enn kvart 10.år.

Eg vel å skulde på mangelen på gitar i heimen i song-innøvingsfasen, som noko av grunnen til at det ikkje gjekk heilt som det skulle! 1. desember vert i år ståande i songen sitt teikn – men heilt i harmoni er me ikkje endå!

 


 

Related Post