endeleg forbi

… og då snakkar eg sjølvsagt om eksamen. Min siste ever? (jaja, eg veit eg har sagt det før, men før eller sia må det vel vere sant?)Godt å levere var det i alle fall. Vitskapsteori er verkeleg ikkje mi bane. Eg som er realist all the way. Då høver det dårleg med filosofi og opne spørsmål og svar som i grunnen berre er nye spørsmål. Kva er kunnskap? Kan me vite noko som helst? Kven kan vite noko som helst? Og når ein endeleg kjem i siget og får skrive om alt ein ikkje kan vite noko om, då har oppgåva ei tydleg avgrensing på lengd, slik at ein må til å redigere vekk alt det ein har skrive om at ein ikkje kan vite noko som helst…

Eg drøymde natta etter at eg hadde levert, om det var krampetrekningar eller mareritt veit eg ikkje, men eg drøymde at eg hadde gløymt/oversett ei heilt side til med spørsmål som skulle besvarast. Eg vakna om morgonen og visste ikkje om eg var vaken eller om det var då draumen byrja….

No har det gått ei veke, og eg byrjar å lande på jorda att. Ei helg prega av gebursdagsfeiring, småsjuke juniorar og eit komplett tomt hovud gjekk over til normale vekedagar. Eg hadde faktisk ikkje trudd at eg kunne savne kvardagane so mykje som eg har gjort siste vekene, sjølv om kvardagane og kan by på sine utfordringar. Måndag fekk eg nokre høgdepunkt på rappen, der eg ikkje veit kva som sette mest støkk i meg.

Den fyrste støkken fekk eg på Pyramiden; ein junior som var medhjelpar på handel kom springande mot meg inne i butikken blant stablar med både eitt og hitt, berande  på ei pakke egg eg akkurat hadde sagt at me ikkje trengde. Eg såg livet passere i revy framfor meg, og hugsa alt for tydeleg ein anna gong den same junioren sprang i ein matbutikk, for omlag eit år sidan, og velta eit stort tårn med kinderegg-julenissar. Men heldigvis, «det jikk bja» – som dei små seier.

Den andre støkken kom då eg ikkje fann att støvsugaren(!). Me har sentralstøvsugar, og ikkje enormt stort hus, slik at det skulle vere mogleg å spore opp ein slik diger sak rimeleg kjapt. Men framstykke har endå ikkje komme til rette, eg er i ferd med å sende ut offisiell etterlysning. «Den ligg vel i kjellaren» var ikkje mykje til hjelp, noko som tyder på at me ikkje er heilt i mål med arbeidet der nede heilt endå. Det har skjedd mykje siste månadane, nye rom ser dagens lys, og ei kjellarstove/leikerom er like om hjørna. Me ser fram til å få tilbake stova i huset ein vakker dag utpå nyåret  =)

Tilbake til tråden – kvardagen vår, den ser den for tida omlag slik ut: jobb/barnehage, nokre måltid og bading. Me ligg i bløyt nærmast kvar dag, og eg sler hermed fast at all badingi i år erstatter den medieoppskrytte  og mykje omtala julevasken. Skuffer, skåp og vekkgøymde krokar får med andre ord stå fint i fred.

Julehandelen er i gong, me har pynta pepperkakehus og laga ei liti julelenke som fort gjekk sund då ho ikkje stetta krava til lianer i gardinstengene, me er byrja øve på songar til julespelet i barnehagen, og eg har sett julereklamen til coca cola på youtube. Då er det berre snøen som vantar. Men sanneleg er det flott på Nes no i før-førjulstida likevel =)