Ei fuktig framtid =)

Eit nytt eksempel på eit heller skralt førebilete i dag…

… det er aldri moro når dei små kjeftar på foreldrene, og endå mindre moro når dei har rett!

Avgjerda i foreldrerådet her i huset i går vart at me i dag skulle reise på bading rett frå barnehage og jobb. Å pakke badekle i god tid i førevegen ligg som eit punkt inne på saklista til det nemnte foreldrerådet, men det kjem nok ikkje opp til vedtak før ut på nyåret =)

Det vart dermed i hurten og sturten pakka det mest nødvendige då eg kom frå jobb, for so å skunde meg for å rekke ongane før dei vart for trøytte. Eller svoltne. Eller begge deler.

Og då sneia tanken meg: mat må me ha – før badinga og. Innat å smurde på polarbrød med fyrste pålegget eg fann – nugatti. Og so full galopp til barnehagen.

Etter at regnklede er trykt godt ned på golvet og setebelta er festa, sete gutane fornøgd i bilen og gomlar på kvar sine blingsar, då det kjem spørjande frå baksetet:

«Er det laurdag i dag, mamma?». «Neeei, det er onsdag», bekreftar eg og skjønnar ikkje at dei aldri kan lære skildnaden på vekedag og helg. «Me er jo ikkje i barnehagen på laurdagar» skal eg til å seie, då vetlevaksne pjokken seier tørt frå baksetet: «men du har jo hatt sukkelade på skiva. Det skal me vel berre ete på laurdagar?».

Teken på fersken. Ingen veg utanom denne. Eg må berre legge meg flat og skulde på at eg heilt gløymde den regelen… Sukker er med andre ord ikkje eit problem som ongar masar seg til… Her i huset er det mor som klarar å lage problem med sukker heilt av seg sjølv =)

Badeland er forresten heilt fantastisk, og me har snart «tjent inn» årskorta våra att, so det var verdt blemma. Men eg legg inn søknad til foreldrerådet om nye retningslinjer på nugatti som må gjelde for BÅDE barn og vaksne her i huset, og so får eg håpe på rask behandlingstid…

God bading!

Frå «Lustrabadet», http://badelandene.no/badelandene/gaupne,-lustrabadet

 

RelatedPost

2 Comments