Den som spiser grønnsaker…

Born og grønsaker. Krigen som alle medium har ei løysing på.

No tykkjer eg ikkje det er so aller verst i huset her, gulrot og mais går ned på høgkant på ein god dag, brokkoli og blomkål dersom det er kamuflert i heimelaga potetstappe eller liknande, andre grønsaker har me ikkje jobba so hardt med å innføre…

Men meir grønsaker burde me ete, eg er med på den. «Kan du ikkje lage slek grønsakdipp? Det såg eg på Hellstrøm her om dagen, ongane åt selleri og gulrot og slikt», hintar mann i huset. Dette var i september ein gong meiner eg å hugse, og jamt og trutt har det komme hint om grønsaker og dipp siste månaden.

I dag var det utflukt til Gåpn. Bading på halve familien, Pyramide-ærend på resten. «Og so må me kjøpe inn til dipp og grønsaker», høyrer eg i det bildøra smell att bak meg. «Selleri og gulrot og slikt…».

Spar er under rehabilitering om dagane, og eg gav opp å finne egg på forrige handletur. I dag gjorde eg eit nytt forsøk, fann det ikkje i dag heller, og var meint å spørje, men då dukka grønsakdisken opp, og eg måtte jo hugse å kjøpe «selleri og gulrot og slikt…».

Middagstid. Eg spør kva dipp som eigentleg skulle vere til dette berømte måltidet. Eg kunne lage det frå botn av, eller eg kunne ta noko posegreier. Poenget var at det skulle vere so lettvint som mogleg. I mine auger er alt lettvint viss ein har overskot og energi nok, men det forventar eg ikkje kjem før uti 2017, og so lenge orkar eg ikkje høyre om kor fantastisk «gulrot og selleri og slikt» er.

Vaniljekesam og rømme med ulike smakstilsetjingar, gulrot, selleri, brokkoli og agurk vart det. Eg tykte det var prikk likt det eg sjølv har ete ved sunne øyeblikk siste åra, men truleg har det ikkje vore mange slike augnablikk då dette har gått dei andre i huset hus forbi.

Småsjuke ungar kom aldri so langt som til middagsbordet i fyrste omgong. I andre omgang fekk me ein til bords, men ikkje noko i nærleiken av grønsaksdipp. «Mmmm, brokkoli var jammen godt», prøver mannen seg framfor vår håpefulle. «Kva er din favoritt trur du?». «Non-stop», kjem det kontant. End of discussion.

Eg og mannen set at ved bordet og gomlar på kvar vår neve med grøntfor. «Er det dette som er selleri? Nei, det var neimen ikkje noko godt!», vart dagens takk for maten tale. Då seier me takk til hr. Hellstrøm og informasjonskontoret for grønnsaker og dipp, me prøvar igjen ein dag det er friske ongar, betre innstilling og pent ver =)

4 Comments