Haustdagar

Flotte haustfargar overalt i heile oktober…

herleg haustferiever ved fjorden

Kaldare i veret etter kvart,

25.oktober var vinteren kommen mange stadar i kommunen, men ikkje på Orrhaug:

På veg til barnehagen diskuterte me all snøen me såg rundt oss. Var det verkeleg ikkje behov for å brøyte i dag? Me måtte diskutere dette ei stund, og eg argumenterte at so lenge det ikkje var kvitt i tunet var det ikkje behov for snøskuffer. Men me skulle sjølvsagt finne fram skuffene når snøen var på plass, kanskje i måro eller i helgi?

«Snøen kjem i måro, for det sa mamma», kunngjorde dei unge håpefulle då me kom til barnehagen. Eg såg føre meg 20 sinte barnehageforeldre som kjefta fordi eg lova dei snø, men heldigvis stemde vermeldinane for ein sjeldan gang, og dagen etter var vinteren kommen med snø og flott vinterver.

Til slutt eit lite glimt frå kvardagen:

Ein vetlevaksen 3-åring har nekta å gå med vottar i barnehagen siste dagane. Ikkje TALE om faktisk!! I går kveld prøvde eg forsiktig å få fram at eg var redd han kunne bli sjuk om han ikkje brukte vottar, var det ingenting eg kunne gjere for å endre dette? «Du må berre spørje meg fint mamma, egentleg» var svaret eg fekk… Javel, eg smilte lurt, og spurde fint =)

Utpå dagen i dag fekk eg plutseleg telefon frå bekymra far, 3-åringen min sat med blødande og opphovna nase etter litt knall og fall. Eg får snakke med godguten og spør bekymra korleis det går med nasen: «Eg var stor gut og gjekk med vottar i barnehagen i dag mamma!», får eg til svar. Kvar sine bekymringar… nasen gjekk det bra med og, so då er det berre velstand =)