Veke 18 – snikkarane nesten ferdige…

Kjøkkenet er ferdig, badet manglar kun knottar på dørane, trappa er kommen men ikkje montert – litt småputtel – elles so er huset ferdig frå Norbohus si side =) Då er det opp til oss kor fort me kan flytte inn.

Straumkablane i byggjefeltet er nesten ferdige, vatnet er bora etter men «bassenget» for å lage trykkvatn er ikkje heilt klart – men me kan koble oss på eksisterande vannanlegg ved campingen inntil vidare. So igjen: det er eigentleg berre opp til oss sjølve no =)

Bilde av ferdig kjøkken vart frykteleg uskarpt… veit ikkje heilt om det var meg eller kameraet. Legg det no ut likevel, so får eg heller prøve å legge ut eit betre bilde i måro for dei som er interesserte =)

                                   God helg alle saman

2 Comments