Test-ferie

Vekene flyge, og om ikkje lenge vert det kanskje ein liten ferietur på oss? Me har testa bubil-ferie i helga, og hatt evalueringsmøte no i kveld.

Eller det vil seie, eg såg Grey’s på PC’en med øyretelefonar medan eg kommuniserte med mobilen og såg på fotballkamp med Magne med eit halvt auga – men eit og anna punktet fekk me notert ned – so vert ikkje sommarferien prima i år skjønnar ikkje eg =)

Bubil-regel nummer 1 – ein må helse på alle andre bubilar. Dei helsa i alle fall på oss. Det er truleg mykje det same som å helse på alle ein møter i fjellet? Bubil-regel nummer 2 – bli enige før avreise om straum og vasspumpe skal stå påskrudd heile tida, eller om det skal skruast av etter kvar bruk. Eg ser føre meg store utblåsingar rett som det er, ja skikkeleg huskestue med krangling om alt og alle, spesielt om vêret sler seg litt vrang…. Bubil-regel nummer 3 – det som vert sagt i halvsøvne om natta når ongane skrike, fuglane brekar og sauene flyg tel IKKjE dagen etterpå!!

 Er det troll under brua?

Me stod opp på likt med endene – og åt frukost på brygga i sol, fred og fordragelegheit =)

Me fekk med oss mykje denne helga. På Lustramarknaden vart me to fiskestenger rikare, elles gjekk mesteparten av tida med til å prøvesitje traktorar og diverse andre doningar med ratt. Dei vart nesten vekke i mengden eit par gonger, men det var berre å setje kursen mot motoriserte køyretøy, der var det lett å halde auga med dei, hakket verre å få dei med seg vidare =)

Og før det at var det action på Sperla. Eg fekk litt av eit eventyr fortalt om «hjorten som ikkje traff brui og datt i elvi, og gravemaskina som ikkje nådde heilt ned og om tauet som måtte bittast i føtene…. og at ingen såg augene!». Eg forstod ikkje heilt samanhengen før eg fekk historia frå fleire hold, men truleg har det komme eit dyr nedover då elvi voks, og det måtte sjølvsagt fjernast. Spennande for små kroppar, og det vart mange etterpå-fortal om dinna hjorten!

Me fekk oss og ein skogstur, og leika gøyme og leite i flott norsk natur – heilt fri for orm! «Det er det einaste bra med Jostedalen», seier ei god veninne. Eg tykkjer no dalen har mange andre gode kvalitetar og, men friheiten i lyngen vert viktigare og viktigare i desse ormeår-tider ;-)

Forrige helg var det konfirmasjon, med uteleik i boblejakke! Nokre dagar før og etter var det sol og t-skjortevêr. Det har vore lett skiftande siste vekene!

Slekt og venner samla, og me fekk tid til å få sjå dei to nye verdsborgarane på Sperla. To fantastiske små som har fleire gode leikekammeratar som berre ventar på at dei skal vekse til og bli med i gjengen.

Eit par økter på trampolina vart det og tid til, og her var lydeffektane spektakulære, og kryssa truleg lydmuren i det onkel fann på han skulle småskremme luringane frå undersida =)

Huset her heime vert visst berre meir og meir kaotisk til nærmare ferie eg kjem. Ein og anna nye møbelen vart henta med frå ikea, og fekk stå fint plassert på tvers i gongen ei tid før dei tre gutane tok fatt på oppgåvene med strak arm. Med hjelm og drill klarar dei det meste, og skodna i huset er eit steg nærmare eit sivilisert samfunn.

Kanskje kan me lage ein universell bubil-regel nummer 4 – som kan gjelde både i heim og bil og hage og elles – hald orden i eigne klede og saker, både store og små – men den regelen treng ikkje tre i kraft (for meg) før godt uti neste veke =)

Related Post

One Comment