Husmortips nr. 1

Eg sete her og er i so eit spesielt humør at eg føler for å dele denne gleden med alle andre evige optimistar! Det som de skal få lære i dag, er følgjande: «korleis bedømme støvmengden på baderomsgolvet!»

Utstyrsliste: Dårleg syn, litt for gamle og tørre kontaktlinser, briller, støv på badet, dårleg tid og kanskje helst eit gryande dårleg humør…

Forarbeid: Pass på å legg brillene på ein strategisk plass som du ikkje i dinne villaste fantasiar kunne drøyme om å leite. Stress heile dagen (helst under 3 ulike arbeidsgivarar slik som eg då har gjort idag), bruk heile kvelden på møter – kom heim seint om kvelden – med skikkeleg mageverk sviande hovudpine, ver skikkeleg nødig etter å gå på do.

Utføring: Stess inn på badet i full fart og strat med å ta av kontaktlinsene. La den fyrste linsa lande på golvet like framfor føtene dine. Tenk at du får nett ta av den andre linsa før du plukkar oppatt den fyrste. Når du plukkar opp linse nr 1 oppdagar du at linse nr 2 slett ikkje ligg der ho skal i sitt vesle linseveske-badekar. Foml rundt utan eigentleg å sjå noko som helst etter brillene i tilstrekkeleg lang nok tid til at du er SIKKER på at du har trakka på linse nr 1 – og eventuelt gjort i buksa. Finn brillene like framfor nasen der som du garantert har leita minst 5 gonger… kryp ned på alle fira og plukk om restane etter linse nr 1 og kast den i boset. Lokaliser linse nr. 2 like bak bøtta som (burde) brukast til husvask. Linsa blir plukka opp saman med diverse uidentifisert støv, drit og hybelelefantar. Mål antall centimeter støv og minn deg sjølv på at HER BURDE DET VORE VASKA OFTARE! The end.

Konklusjon: Til dårlegare tid eg har, til meir støv får eg på hjernen!

PS: For dei som vil få med seg litt ironi i praksis: møt opp på Nes i måro kl. 8.00 når eg skal ha på meg atte linse nr 2 som eg ikkje gadd å rense skikkeleg i kveld, ettersom eg måtte noko so inni granskogen på do! De kan tru eg kjem til å gløyme å rense denne linsa ekstra i morgonstresset! Og for dei som har prøvd å teke på kontaktlinser med drit på – so veit de akkurat kva eg kjem til å gaule utover heile Nes sentrum i det øyeblikket driten treff augeeple.

Ha ei fortryllande natt !!!

Tags: