«Øvelse gjør mester….»

Me gjekk hardt til verks og prøvde oss på ei real utfordring; bestige ein mur på ca 5 meter opp i hovudvegen borte hos Kai!

Cecilie Kai

Fotograf Cecilie overlot kameraet til meg inni mellom for å vise oss korleis dette skulle gjerast.

Me samla saman alle som kunne vere til hjelp, og la ein nøye, detaljert plan for korleis me skulle overvinne dette problemet! Magne leda opp medan Kai sikra han, og gjekk so ut til venstre for å lage standplass og sikre meg opp. Deretter brukte Kai og Per Arne same løypa opp, men dei gjekk ut til høgre!

Magne nærmar seg toppen Standplass

Då me følte me hadde sikra oss i kvar våre standplassar og hadde kontroll både på høgden og alt utstyret – fekk Kai telefon frå Siv Anja om at no var det middag! Då måtte me berre hive oss rundt og rappellere ned alle 5 meterane – for so å klive oppatt å hente utstyret….? Kanskje ikkje 100% realistisk… men dette er faktisk effektiv terping på små detaljar. Alt sete ikkje spikra endå. So viss de passerar Nes ein ettermiddag og de ser ein 3–4 klatrehjelmar bevege seg vannrett like under rekkverket – so er det ingen grunn til å køyre av vegen. Det er berre me som leikar at me er på veg mot Storen…

Eg sikrar Magne ned att