Eksamenstida har komme, og gutane har vore på gardsferie i Jostedalen. Då vart det ikkje mykje pause – og setjing av pote var truleg høgdepunktet.
Eventuelt var det endå kjekkare å komme heimatt på Nes med kvar si vesle bøtte med så-poter – “sjå mamma, me skal setje pote på Nes”. Det var ikkje heilt med i masterplanen for min etterlengta hage… men ein jord-flekk fann me, og med jernrive, spett og stor entusiasme vart potene stappa i jorda, og bokstaveleg talt trampa fast =)
17.MAI
Me feira 17.mai i Jostedalen. Vermeldingane lovde oss regn og vind og kaldt og surt – og eg pakka bilen full av regnkle, ull, støvlar og klesskift for liten og stor … men alle desse kleda vart berre flytta fram og tilbake i bilen til større og større irritasjon! For ein nydeleg dag me hadde i Jostedalen:
Gutane gjekk i tog, men det var godt å ha med seg tvillingvogni for eit par kvilepausar. “Men kest er toget” fekk me spørsmål om nokre gonger, ikkje lett å skjønne alt ditta me drive med om dagane =)
HIPP HIPP HURRA FOR 17.MAI =)




Siste kommentarar