Framleis glade maidagar =)

Ein ny superlaurdag på Sperla. Lettskya og sol, men litt kalde drag i lufti, skikkeleg kalde vindkast til tider. Vanskeleg å sole seg når jakken må på og av heile tida =)

Det vart sykkeltur med 3 små 4 store og ei bikkje…

… og det vart «strandleik» ved Sperla Beach =)

Flattbrødbaking vart utprøvd… Ein av mine unge håpefulle fekk seg eit emne som skulle eltast og klargjerast til kjelvling, men etter å ha knadd, smakt på det og mista det på golvet i verkstaden eit par gonger vart det ikkje godkjent av tante, so kanskje me ikkje er heilt i mål med nye bakstedeier heilt endå…

I dag var det snø me vakna opp til, ikkje mange fnuggi, men nok til at det var kvitt på verandaen…

Eit par timar seinare var det sjølvsagt vekke – kva er poenget med snø når me ikkje rekk å brøyte før det har smelta vekk? undrar gutane… Det småruskar endå, men eit og anna solgløttet slepp gjennom, og temperaturen har passert pluss 6 grader.

Min andre håpefulle keik innpå soverommet vårt i går og uttrykte seg litt for klart at der var det rotete! «Kvifor ligg alle dei kleda på golvet?» og «de har de jammen rotete på rommet» traff litt for godt på far og mor, so i dag er det rydding og vasking av soverom!!!

Og slek går dagane i mai – no nærmar mor i huset seg ein ny høydare i jobb og studiesamanheng, tre veker der det gjeld å brette opp armane og stå på – og so er nedteljing til 1.juni då alt roar seg allerede i gong!

Men mor i huset har fått seg fast jobb til hausten – ENDELEG – og då ser me alle lyst på livet!!!! Hurra for meg, hurra for mai og hurra for nok ein flott vår på Nes =)

Related Post