Hurra for to 3-åringar!!

Feiring med brask og bram i dag =)

Kakebestillinga kom frå barnemunn for nokre veker sidan. For det fyrste skulle dei ha TO kaker. Den eine skulle vere rosa og den andre skulle ha julenisse på…

Forrige veke vart det rosa kake då me tjuvstarta feiringa på Sperla.

I dag var det då duka for julenissekake. Det vart no litt mekking for å få til, men alt er mogleg i den store kakeverden. Dessutan er ikkje 3-åringar so kresne på smådetaljane heilt endå.

Eg bestemde meg so plutseleg like før gjestene kom at det måtte no vere ei anleggsmaskinkake og, so då vart det ein hurtigvariant med litt rosa innslag. Tek me då og med dei to sortane gutane fekk frå bestemor + bollar og pannekaker kan me vel trygt slå fast at ingen gjekk svoltne frå bordet. Lukkelege jubilantar hadde 140% innsats i fleire timar, og so var det bom stopp! Snakk om å leve i nuet.

Kaker og selskap og pakker og leik. Ei perfekt feiring av nokre perfekte gutar. Oh happy day =)

 

 

 

 

 

One Comment