Helg og nydeleg vêr…. og dårleg humør

Eg vart vekt av min eigen innhola hoste i dag, og vart servert hostesaft på senga før eg skikkeleg hadde fått opp augene. Aldri so gale at det ikkje er godt for noko! Eg surpa i meg den grusome hostesafta og la meg ned nedpå att då klokka berre viste 9.00. Eg høyrde ting som klirra frå kjøkkenet, so eg vart reint fornøyd då eg forstod at det var fruskosten som var i ferd med å bli tilbereda. So godt me helg tenkte eg då.

Men eg må ha dubba av att, for då min kjære stakk hovudet innom soverommet att, so var det berre for å seie hade: han var på veg oppi huset for å jobbe, og ikkje tale om at eg fekk vere med so lenge eg hosta slik og hadde feber! De som har små ongar kan no sjå føre dykkar min vaksne reaksjon: Pottesur og fornærma, svolten og sint! Ja, då fekk han berre reise, eg skulle i alle fall ikkje forlate senga i dag, so dermed basta!

Men etter å ha lege å velta meg ein time so klarde eg ikkje å fortsetje ligge-i-senga streiken min, so no er eg no oppe og konstaterar at Tinderittet har fått betrakteleg betre vêr i år enn dei hadde i fjor. Eg vurderte om eg var so sint at eg skulle sultestreike og, men innsåg då at eg kanskje hadde vore nok barnsleg for ein dag… So det endar vel med at eg krabbar til korset og tek meg ein tur oppi huset for kike litt etter at eg har fått i meg ei skive eller to… Eg skulle jo absolutt har våre oppe og sjekka om gardinene eg har handla matchar sofaen som er kommen….. eg får vel jobbforbud der oppe, men eg kan no altids setje meg på verandaen og sole meg… sukk…. for ei straff…  det er ikkje lette å vere meg =)

One Comment