2×2,5-åringar på bytur ;-)

«Me skal på tur til helga gutar… Me skal køyre laaaaaaaaangt i bil – og kanskje må me ta ferje og…. me skal bu på hotell, og sjå både små og store fiskar! Jammen blir det kjekt å på tur!» 

Avreise dagen nærmar seg – me gledar oss til å på tur – og me snakkar om alt me skal sjå og oppleve, og når pakkinga tek til spøre me gutane om dei hugsar kva me skulle etter barnehagen dagen etter? «Me skal på fisketur», jublar dei lukkeleg i kor =)

Me fekk oppleve sol og vind, sol og regn, sol og hagl og sol og snø – og nokre små glimt med berre sol på dei heilt rette plassane! Som då me stod på toppen av Fløibana og skua ut over byen, jaja… det var no ikkje so kjempespennande fekk me beskjed om.. men so snudde me oss, og der stod det eit stort troll!! DÅ vart det fart i sakene, og me fekk festa på film at det stakkars trollet fekk ein omgang skikkeleg juling! Glosebruken var so som so og – dei er då ikkje so store gutane endå…

Og «fisketuren» i dag var stor stas, kanskje var det mor i huset som var vanskelegast å lausrive frå pingvindammen… dei er jo so søte dei små tassane =) Å springe frå tank til tank vart ein leik, og det var moro heilt til eg fekk spørsmål om ikkje me kunne kaste smokken opp i ein fiskestim – eg argumenterte flittig om at då vart det kanskje problem ved leggetid i kveld – og det var jo i grunn eit vinnande argument.

Ein og anna krangelen vart det på dei fleste butikkar – mest fordi mor i huset tykte det vart litt for voldsomt. Det vart investert i plastikkhjelmar med visir, og solbriller – og gutane skremde flittig vekk ein kvar som svara når dei sa hei. Ein heil familie fekk fart på seg i hotellkorridoren då ein junior hopppa ut døri med hjelmen på! Min kjære forsøkte å forklare at det ikkje var fint å skremme fremmande folk slik, dei vart jo redde og lei seg? Men han skulle jo berre vere tiger – so då måtte me jo forstå at det er slik tigera oppfører seg…. ?

Endeleg var det ein butikk me kom ut at frå utan å ha verken endevendt noko butikkhylle, sprunge ned nokon eller skremt nokon nevneverdig, og eg skryter uhemma når eg festar selen i bilen før neste køyreetappe. «jammen mamma, ed el jo veldens beste gut ed…» får eg høyre då – og lyte vel oppsummere med at det var ei særdeles vellukka byhelg for våre unge håpefulle!

 

Og til slutt – til ære for Johanne og Eli – det var ikkje mange bilete av hjelmane – dei burde jo absolutt vore foreviga då dei forsøkte å ete pannekake gjennom visira i dag tidleg… Men eit blinkskot av ein motorsyklist hadde me, de kan tru dei andre kundane (og sikkert personalet) tykte det var… spennande å ha ein villmann på minisykkel fresande rundt i butikken =)

 

4 Comments