Nye sprell … =)

Nei no altso, ditta sprellet må berre delast med omverden. Kveldens tema er, for å vere politisk korrekt i desse sidemålstider;  bås/bos/boss/avfall/søppel  ;-)

Det er onsdagskvelden før båsbilen kjem, eg sankar saman laust og fast og legg i den obligatoriske dongen på dørmatta. På med varmedress, buff, vottar og hue – det er vind i kveld!

Skikkeleg vind!

Me gløymde å levere bås forrige veke, båsdonkane er tunge og nedsnødde. Sparkar og slit dei fram, fyller dei til randen og er klar til start. Me har ekstra stor donk til restavfall, den må derfor vanlegvis vere på høgresida ned bakken, der eg har litt meir krefter å holde att med. I kveld var min gode gamle håndballskade ekstra irritert, so då måtte venstra ta tyngste taket.

Eg klarar å gå dei ti fyrste meterane frå husveggen vår og bort til vegen. So må eg berre snu meg mot køyreretninga! Vinden er so kraftig at det er vanskeleg å puste. Ei ryggande nedstigning er nytt av året, og eg føler meg som ein idiot der eg trippar med musesteg nedover, og tenkjer at takk og lov at ikkje naboane ser meg no, ditta må sjå aldeles idiotisk ut!

Etter ca 100 meter rygging kjem eg litt i le for vinden, og dristar meg til å snu kroppen i fartsretningen. Med ein vinternedstigning frå i fjor friskt i minne tenkjer eg i mitt stille sinn at dersom fotfestet forsvinn, MÅ eg gjere fylgjande: slipp taket i donkane med tommelen! Den vart frykteleg blå i fjor ved liknande stunt.

Det går som det måtte gå – eg glir. Og eg sleppe ikkje berre med tommelen, eg sleppe med heile hendene samtidig som eg må magisk vis dyttar donkane litt ut mot sidene. Krasj i bakken med mitt høgre lår, den store, gode, tunge restavfallsdonken i ryggen – takk og au – men til min store fortvilelse, våtorganiskdonken passerar meg på høgre side, og skyt fart!

Og ikkje i min villaste fantasi såg eg føre meg kva som då var i ferd med å skje: fortare og fortare skreier donken gjennom svingen, bleier sprutar til alle kantar. Han klarar no ikkje svingen, tenkjer eg og prøvar å somle meg på føtene att, men JO det gjere han, for svingen er vinterdosert, so DÅ fyrsta kjem panikken i det eg ser føre meg overskrifta i sogn avis i måro: «hjelpelaus sjåfør torpedert av dretbleie-sprutande båsdonk»…

Underlaget vert litt meir ruglete når det nærmar seg hovudvegen, og som eit mirakel stoppar donken berre nett forbi kvitestripa… Eg får ei intervalløkt i reinaste Yngvar Andersen stil der eg samlar saman bleier over storparten av oppkjørsla… får jo ikkje med meg stort meir enn 5 bleier i fanget, so det vert til og med meir enn dei obligatoriske 10 repetisjonane. Vil sende ei stor takk til den raude bilen som passerte og ikkje seinka farten og lo høgt!

Eg trur eg fann mesteparten av bleiene, fekk drege donkane over vegen til oppsamlingsplassen, og putla meg oppatt bakken…

Kveldens takk og prisingar, og lærdom:

– TAKK og PRIS for at bleiene var frosne
– TAKK og PRIS for at ingen naboar kom forbi akkurat då eg låg og sprella med bleier over alt
– og NO skal det kjøpast broddar – eventuelt bør eg levere januarbåset iført stegjern!

7 Comments