Snø og brøyting!

Nesgutane junior AS har teke på seg litt brøyting i dag!

Hovudsakeleg vegane rundt huset vårt på Orrhaug…

… men ikkje noko område er for vanskeleg!

Flott snøteppe ute i dag, og gradestokken viser -0,3 grader. Betre kan det vel ikkje bli?

Me har sola omlag 2 timar på det kortaste no om vinteren, noko som er omlag 2 veker sidan. Eg vart derfor sjukt imponert av det spesielle lyset som var nett før kl 16 i går ettermiddag. Sikkert so enkelt so sol som traff skyer, men plutseleg lyste heile himmelen over Haugmelen opp i eit einaste stort lysglimt!! Fekk raska med meg mobilen ut på verandaen og knipsa eit bilete, to minuttar etterpå var det vekke. Fasinerande ditta universet vårt…

 

 

 

 

Related Post