Meir klatring – 20.august

Store Austabotntind 2204 moh

Magne, Kai og Ingvild var på topptur til Austabotntindane. Vêret var ikkje det aller beste, men til topps kom dei. Eg var ikkje med denne gangen – har vore på Store Austanbotntind før, og so måtte eg jobbe denne søndagen. Og kanskje var det bra at eg ikkje var med… eg er ikkje so flink til å holde motet oppe i tjukk skodde og småregn…

Avreise frå Nes kl. 06.00 om morgonen.

Berdalsbandet på Årdalsfjellet. Klare til start... Ikkje verdens beste vêr - men verdens beste pågangsmot :-)

Har etterkvart investert i eindel klatreutstyr. Noko som kostar pengar, men er absolutt nødvendig for å gå slike turar… Og no fekk dei virkeleg teste at både utstyret og kunnskapen holdt. Store Austabotntind er vel for erfarne klatrarar som ein litt lang spasertur å rekne, men eg trur ikkje dei heller går utan sikring opp dei brattaste svaberga når det er fuktigt og dårleg sikt. Og når dei 3 overnemnte heller ikkje kunne vegen, men måtte leite seg fram i skoddehavet, var eg veldig glad for at dei tok seg god til og sikra mykje.

oppover går det - kjekt å ha tog slike dagar Litt kaldt og surt oppi høgfjellet...

Litt utfordrande dei bratte svaberga mot toppen under dårlege vêrforhold…

Bratt smalt, glatt og vått

Men til topps skulle dei – uansett. Når dei endeleg fant riktige toppen :-) Kriblar litt i magen når det er so høgt ned på alle kantar. Tre skikkelige tøffingar på tur. Nedatt tok dei det svært roleg og forsiktig – alle har vel høyrt om “ein må tilpasse farten etter forholda?….

På toppen av Store Austabotntind  (2204 moh) Rapell ned att i intet...

Til Nes kom dei att ca kl 23.00 om kvelden… Rimeleg slitne… 17 timar på sleipe steinar tek på. Men dei var alle enige om at det hadde vore ein fantastisk flott tur, og ei lærerik opplevelse. Imponerande… Kanskje dei tek turen ein gong til seinare i litt finare vêr. Då får dei sjå at det i tillegg til å vere artig klatring også er ei fantastik flott utsikt det er der oppe :-)

På veg nedatt - trøytte men lykkelige :-)

?