Når vi skulle ha vaska gølve…

To dagar heime åleine før julebjellene klinga hadde eg  – og himmel og hav kå gode dagar det var!

Truleg er det heilt politisk ukorrekt å nyte dagane heime utan ongar, men sanneleg det seier eg deg – det får andre bry seg om. Ein skulle tru at NO fekk eg gjort mykje husarbeid, men nei – det stemde ikkje heilt det heller.

Det vart avslapping og rydding – og ikkje vasking. Nett slik som det skal vere. Eg hadde alle potteplantene mine inne til avhøyr og dom, og det var ikkje mange som fekk søknad om forlenga opphald innvilga. Nokre vart sett i kjellaren i påvente av retursending, nokre vart kasta ut, og eit par vart ekspedert på staden til skrekk og advarsel for andre som kunne finne på tull! Det kom seg i glaskarmane mine, og nissane fekk både betre plass og betre utsikt!

Ei triveleg fyrste-gongs-feiring av julafta i eige hus gjekk nesten etter planen. Og fyrste dag jul bar det til Jostedalen på juleferie, med innvilga kost og losji. Eg såg føre meg avslappande dagar med julefilmar, brettspel og mykje uteleik og trim. Men då gutane skulle legge seg om kveden slo «Dagmar» til for fullt, og alt vart mørkt. Heldigvis stod det ikkje på julesongane, og eg kom gjennom alle versa på både julekveldsvisa, på låven sitter nissen og det lyser i stille grender før stilla senka seg og lommelykt var på plass.

Mykje uteleik og trim – planen min slo ikkje heilt til, og det må vere lov å skulde på veret. I går vart det ei lita økt ute i regn og slaps, men mest inneleik og kos. Hovudlykter på alle mann og barn på stovegolvet vart foreviga til familiealbuma til minne om ei litt annaleis jul, men so lenge me hadde ved og mat so var det ikkje synd i oss! Skikkeleg koseleg å vere utan fjernsyn og internett nokre dagar =)

I dag har me returnert til Nes, og her er det berre luksus. Både internett, mobildekning og straum. Berre velstand. Badevatnet vart rimeleg svart, so godt å få teke romjulsvasken!

Sprinkelsengene i huset vart omskrudd til vanlege senger, og gutane søve si fyrste natt i «stor-gut-seng». So langt alt vel.

Husbonden for på kveldsrek, so då får eg finne meg ein julefilm og nyte ein roleg kveld i huset med straum, luksus og min gode venn, klemaskina.

Jammen er det godt med juleferie – den skal nytast og nytast og berre nytast nokre dagar til =)

Related Post