Adventstid

Hu hei kor går det vel friskt og lett… mot jul =)

Eksamen og mesteparten av julehandelen er unnagjort, då kan det vel ikkje gå mot anna enn kosetid og julestemning i tida som kjem. Årets fyrste julebord er og vel overstått, og formen er stigande no når det nærmar seg leggetid att!

Peparkakebaking og leik med ongane var det viktigaste denne helga, då mange kveldar har gått vekk til skulearbeid i det siste. Og peparkaker vart det, forma som både traktorar, lastebilar og hjullastarar. Fira veggar og to takplater er og konstruert, so får me sjå om det vert til eit peparkakehus ein av nærmaste dagane.

Julekorta er bestillt, men lovleg seint grunna eksamen, so eg er litt spent på om det vert julekort eller romjulskort som vert delt ut til slekt og venner i år. Det var i alle fall langt vanskelegare enn i fjor å finne eit bilete som kunne nyttast. Å få to 2-åringar til å BÅDE sjå same vegen OG smile krev sin mann! Notis til meg sjølv for neste år: Ta færre bilete der ingen ser på kamera, eller eventuelt slett dei etter kvart!

Snøen ligg kvit og fin på Nes, men er litt usikker på om me får behalde den heilt til jul. Forrige snøfall blæs bokstaveleg talt vekk. Gutane har ikkje vore meir enn middels begeistra for snøleik her på Nes i år, men so fort me set kursen mot Jostedalen får pipen ein anna lyd. Då er det ikkje alltid me får dei inn att. Det vert nok mange snødøgn på Sperla i året som kjem og – til glede for liten og stor.

Husavasken står på staden kvil – men for fyrste gong på lenge ser eg faktisk fram til å få teke i alle fall det mest nødvendige før jul. Det har sikkert med gutane som veks til og som set meir pris på ting i år enn dei har klart å uttrykkje tidlegare. Nissar og juledukar til nestehelg er vel eit realistisk mål, so då har eg heile veka til å rydde og stulle litt. Mørkt ute og mykje lys inne, jammen er det ei fin tid me er inne i no!

Related Post