Søndagstur =)

Søndag, sol og blide gutar, kva meir treng ein her i livet?

Me vekte pappaen litt før planen, pakka kle, matboksar og saft i bæremeisene (ikkje plass til mykje der, so pakkinga begrensa seg sjølv), sette oss i bilen og putra opp i Engjadalen. Der kom me omlag på likt med soli, og kosa oss framover mot Navarsete.

Eg argumenterte for og i mot regnbukse, og for og i mot støvlar før me reiste. Det vart støvlar  men ikkje regnbukse – med det resultatet at fyrste buksa vart blaut heile 3 gonger før me kom til sjøvle stien… men med buksebyte i sekken må ein berre sjå vekk frå slike bagatellar.

Det var aldeles nydeleg med grønt gras, kvite fjell og blå himmel. Pappaen stilte i raud jakke og fotomotivet var perfekt, berre at det ikkje ville stå i ro. Enten vart det skugge på feil stad, grimasje mot mor eller ryggen til og lang rekke i staden for å vise seg fram, so eg måtte innsjå at blinkskota kom ikkje på denne turen.. (heller)…

Matbokse og juice og saft. Og skattejakt! Jammen fann me ein skatt og baki ei einebuske som stod like ved mammaen..

På heimattevegen var det godt å ha meisene å krype opp i, og eg og pappaen fekk «hiv o hoy»-sangen tostemt, samt ein medley med ein lett blanding av meir eller mindre kjende barnesongar. Kva song verselinja om Rambo som plukka pote er i frå veit eg ikkje, men me hadde i alle fall verken bruk for mp3, iphone eller ipod på øyra den siste kilometeren ned til bilen =)

Og snipp, snapp snute gutar, kanskje var det siste turen i meis på dikka? Neste år får de bere oss =)