Haustferie…

… på sterke kvinners dag! Eg tok ferie klokka 10.59 i dag, og dialogen då eg rusla ut av kontoret i dag var lett og ledig og gjekk som følgjer:

«God ferie! Ja, då er det 1 minutt til fredsprisen vert offentleggjort»», stadfestar den eine. «Ja, er det nokon kandidatar som er aktuelle her på huset trur du?», humrar den andre. Eg tek ferie blid og fornøgd, og der eg ruslar forbi anleggsarbeidarar, gravemaskiner som sperrar vegen og stressa studentar i regnveret på veg til parkeringsplassen gløymer eg heile fredsprisen.

«Var det Elten John som vann?», vert eg spurd i bilen heimeatt mot fagre Luster. «Hæ?»…. «Det var noko med Elton og Sir?».Jo, det liknar vel kanskje llitt på eine namnet, men kanskje var det ikkje heilt rett person likevel…  =)

Smørblide gutar vert henta i barnehagen- lukkelege og uvitande om maktkamp og kjønnsrollar i Afrika og midtausten, og vel heime senkar husfreden seg! Nesten. Det vert bygd tog på stovegolvet, eller helikopter vart det visst. Og konflikten kan tilslutt snevrast ned til å handle om KVEN sin grøne lastebilhengar som skal ligge i bagasjeoppbevaringa mellom fremre og bakre vogn.. i helikopteret!

Greit – det er klistermerke av ein katt på lastebilhengjaren – kven er det som har pusekatt på sine ting? «EG» kjem unisont ut i steriolyd. Greit. Sjekkar matboksane. Der finn me ut kven som har hest og kven som har katt. Ein må gi seg og ein får oveta hengaren. FOR eit nederlag, etterfulgt av furting og olme blikk mot mamma ei god stund etterpå…

Mannen i huset har fylt opp vedaposen, fyrt godt i ovnen, og det er tid for roleg og godt fellesmåltid rundt middagsbordet. Vekas høgdepunkt. Fredsmeklinga gjekk nok ein gong i favør mor i huset, og det er tid for helg, haustferie og familiekos. O lukke =)