Ved middagsbordet…

Å tømme ned er ikkje som det ein gong var…

I det eg strekker meg over kjøkkenbordet for å tømme mjølk i glaset til bror 2 ombestemmer han seg, og trekke vekk glaset. Mjølka endar sjølvsagt utover heile bordet. Pappaen ser litt oppgitt på bror 2 og spør kva som skjedde no? «Mamma bulla» svarar bror 2,  og ser stygt på meg…

«Nei, det var du som trekte vekk glaset ditt som gjorde at mjølka hamna på bordet….», seier pappan pedagogisk, og ser truleg at eg tel stille til ti.

«Må vele fåsiktige mamma» seier bror 2, og ser meg rett inn i augene – og då lyte eg berre le. I dag og. Jammen var det no kjekt med pannekake og mjølk til middag =)

Related Post