Sumargilde 2011

… Det var ein gong i ein fjøs lagt, langt langt vekke… (eller ikkje so langt vekke eigentleg, med litt godvilje kunne ein køyre bil dit…) her var det eit folkeslag som hadde sumarfest. I hopetal kom det vetter og troll (med og utan bru på ryggen), huldrer og smørbukkar, nymotens skifantastar og utgamle einstøingar. Kråkelonge med hovudet under armen sette standarden, og ståheien kunne ta til. Tre gonger forsøkte den forheksa prinsessa å halde opningstalen, men alle gongene vart ho stoppa av den styggaste huldra i kongedømet: «nei, vent på istrolli, dei er her snart no».

Me kom då i gong, og ein forrykande opningslåt fekk håri til å reise seg både på skrømt og prinsesser. Etterpå var det graut å få, og alle både kappåt og kappdrakk med seg sjølve. Huldrene keik lettare nervøse kring seg om det var brygga nok graut til å mette alle med ryggsekk på magen, men det vart ei og anna sleivi til overs, og då var det leik som stod på programmet. Ikkje noko kan vel vere betre enn å springe og hoppe litt etter duele med graut og nokre gode velkomstdrinkar =)

Om me sprang, hoppa og bar kvarandre 7 eller 9 meter er uvisst, men sikkert som banken er det i alle fall at det var 3 mariekjeks som skulle svelgast før plystringi kunne starte. Espen Askeladdane var sterke som bamsen sjølv og drog i stykkjer tauet, men til drikkingi kom dei til kort…

… mangt kan seiast om fortsetjinga, men då verken eventyr eller segn kan seiast å vere heilt korrekte, er det kanskje lika greit å setje strek her. Rykta går om savna truser, digre tre på tvers av bålet og utskrapa grautdonkar då soli rann – eg seier ikkje meir…

.. åsso levde dei alle lukkeleg og godt i alle sine dager….

snipp snapp snute, so var enentyret ute…  og dagen derpå, derpå, derpå, derpå er me truleg alle klare for neste års sprell =)