Eit traktorminne…

Lenge sia eg har sete bak rattet i ein traktor. Fleire år faktisk…  Men når mann i huset spør fint om eg kan køyre inn i Gåpn etter material, då må eg berre seie ja. Eg har ikkje full kontroll på absolutt alle spakar, men det er heller ikkje nødvendig når eg verken skal tippe hengjar eller gjere andre stunts.. 

Dagens ferietur gjekk til Fuhr Bygg sitt areal i Gåpn. Gutane felte sine modige tårer då mamma hompa ned bakken her med både traktor, skuffe og hengar, og dei ikkje fekk vere med. Men gliset kom på att då dei køyrde forbi meg nett inni berget. «Mamma søyle takktol» annonserar bror 1 stolt når eg parkerar traktoren trygt ved trelastlageret til nemnte firma.

Ikkje nødvendig med rygging so langt, tenkte eg fornøgd, og sløkte traktoren og tok over barnepasset medan hengaren vart fyllt opp med kledning, dobbeltfalsa, gamletypen for spesielt interesserte, drøyde 350 meter. Me måtte ha eindel «halvannan gonge tre» og, so lasset vart no bra stort etterkvart.

Etter att gutane hadde sete inni traktoren og leikekøyrt ei stund, ei påspringing av bølgjeblekk, litt blod og kutt, og eit dunk i hovudet i det det traff hengaren, erklerte eg leikinga rundt lessinga for avslutta. Karane gjekk mot bilen, eg kleiv innatt i traktoren og starta opp. Sette giret i revers, og snudde hovudet. Samtidig hadde bror 1 sagt høgt til pappan som då stod med ryggen til traktoren: «mamma tippa lasse». Jodå, det stemnde det. I det eg snudde meg for å rygge var hengaren kommen opp i 45 grader og stigande.

Eg sløkte traktoren att i panikk – kva for ein spake er det som tippar hengaren`? Her var det tydelegvis to små luringar som hadde sete og komme borti noko. Ringer lettare panisk til øverstkommanderande for traktoren. Kva skal eg gjere for å få nedatt hengaren? Etter å sjekke kva uttak hengaren er kobla til, finn me rette spaken – og hengaren går nedatt. Folkemengda som har samla seg rundt traktoren er spent på om lasset heng med når hengaren går nedatt, om lasset vert liggande att på bakken, eller om ho galne dama som trur ho kan køyre traktor gjere eit nytt sprell, som til dømes å køyrer inn i butikken i staden for å rygge eller noko slikt…. Men ingen fare folkens, eg fann rette spaken, drog han rette vegen – og vips, der var hengaren nedeatt med lasset fortsatt på. Då humpar eg meg derifrå so fort som det let seg gjere, dvs i rundt 25km/t, inn på hovudvegen att, og set kursen for Nes.

Eg hadde i grunn bestemt meg for å ikkje eingong prøve å rygge ned den bratte og smale bakken til plenen, men no var det likevel so gale at det ikkje kunne bli stort verre. Og på tredje forsøk gjekk det strykande flott. Lettare oppskjørta kliv eg utatt av traktoren, og tenkjer for meg sjølv at det skal bli ei stund til neste køyretur… Men alle arbeidskarane i området rundt Øiene og Fuhrbygg fekk seg no i alle fall ein god historie å dele te kaffikoppen =)

Tags:
5 Comments