FANARÅKEN

12.august 2006 – DUATHLON

Magne har virkeleg blitt bitt av klatrebasillen i sommar – og etter diverse klatre og fjellturar, fekk han lyst til å prøve seg på eit motbakkeløp.

Saman med Kai (broren) meldte han seg på springedelen av Fanaråken Duathlon – dvs. springe frå Turtagrø Hotell (ca 900 moh) til fjelltoppen Fanaråken (2068 moh). Eg var litt skeptisk, sidan Magne ikkje er den som trenar kvar dag, men eg tykte no han var tøff som meldte seg på.

Oppladinga til Magne: Kjøpte seg joggesko onsdagen, sprang ein lett joggetur inn Heljedalen torsdagen – og deltok i Fanaråkenløpet på laurdagen… Gjett korleis det var å vere i same hus som han dagane etter løpet :-)

Heljedalen - med Fanaråken bak til venstre

Løpsdagen kom, og eg og Gipsey fekk eit lite forsprang, så me gjekk innover Heljedalen og kom halvveges opp mot Fanaråken då fyrste aktive deltakar kom springande oppover bakkane… Vedkommande vant på den umenneskelege tiden 58 minutt!!!! Er det muleg?

Me fortsatte oppover, men det vart vanskeleg å gå når me møtte so mange folk. Eg måtte holde hunden på ganske kort band – noko verken eg eller ho likte spesielt godt. Når Kai hadde pasert gjekk me berre nokre hundre meter lenger opp og satte oss til rette med videokamera for å vente på Magne.

Magne kom og paserte oss og forsvant oppover bakkane i fint driv. Imponerande. Me gjekk eit stykke lenger opp – men snudde litt før toppen. Rekna med me trengde eindel tid nedatt og, ettersom det fortsatt kom folk oppover (dei som starta på sykkel på Skjolden (0 moh) og sykla til Turtagrø før dei starta på springinga). Me kom nedatt til bilen før gutane – men dei var ikkje langt bak oss.

Magne på Toppen

Ein flott dag på ein flott topp. Og eg måtte trekke tilbake mine skeptiske påstandar – Magne imponerte meg stort. Eg og Gipsey tykte det var litt mykje folk – so neste år trur eg me vel ein anna topp når dette løpet går av stabelen.

Related Post