Ei perle i nord

Det er sommar, det er sol/regn/skya og det er FERIE!

Forrige helg var Magne i nord i heilt fantastisk, nydeleg sommarvêr, myggen beit frå skyfri himmel, og temperaturane ga både padlinga og klatringa prikken over i’en.

veret kunne ikkje bli finare, fekk eg raportert…

Magne hadde funne sitt paradis…

 

Denne helga var det min tur. Og eg var rimeleg pessimistisk med tanke på veret – kan vel ikkje bli so fint ver to helgar på rad? Men jo, det kunne det faktisk. Stor-kalas på Fugløya vart til paradis for meg og. Eg ser gjennom bileta mine, og dei kunne like godt vore frå ein sydentur… berre temperaturen i vatnet som var hakke kaldare enn middelhavet kan eg tenkje meg ;-)

store og små kosa seg til lands og til vanns, og i fjellet med…

landkrabber som meg søkjer ferskvatn om meir enn storetåa skal duppast – og leiter ein so finn ein. Varmt og godt – og Absolutt berre HEILT fantastisk =)

Flott øy, snabelfantastisk reisefølgje, supert vêr, ein herleg gjeng og ALT var berre knall!!!

Fleire turar nordover må det bli – kanskje reiser me på likt då neste gong… sjølv om det strengt tatt er ongane sine tur til å reise åleine…

Måndag kom eg heimatt, og tysdag var eg so full av overskot at eg tok frukosten på Sperlestølen før eg byrja å pakke opp… diverre vart det med den eine dagen med overskot – enn so lenge… men sommaren er endå ung, og huset går vel ikkje sin veg med det fyrste.

Josnokefeiring med sambygdingar i kveld, gutane har starta ein lovande fotballkarriere. Bror 1 finta seg under bordet opptil fleire gonger ved å trø på ballen, smile lurt til tilskodarar, ta sats, og deretter på finurleg vis dette framover med ballen mellom føtene og ta ein slags salto. Imponerande teknikk… bror 2 likar best fotball som inneber at han kan bere ein ball i nevane medan han ser på at andre sparkar… spennande å følgje utviklinga her og…

Kvelden er ung, barn er lagde, vinflaska er opna og sola skin gjennom tretoppane…. Ahhhhhhh kor gla me er i sommaren =)

 

 

 

 

3 Comments