17.mai og traktor

Gutane var hustanden sine fremste representantar i dag – alle tre. Eg sat heime med skjegget i datamaskina.

Mykje vêr i dag både ute og inne. Sol og flott mellom vindkast og regnbyer. Ei blide bestemor var kjærkommen som alltid, og so er ho so artig å leike med =)

Eg prøvde å kryssforhøyre meg litt fram til korleis dagen hadde arta seg då dei so vidt var innom for eit par bleieskift. «Kva de har gjort på i dag då gutar?» «Takktol». Jaha ja. Ordforrådet veks kvar dag, setningane blir meir og meir avanserte og dei skjønnar omlag alt me seier, so dei har vel køyrt traktor då tenkte eg. «Men kva sa bestemor ho såg dikka idag då? Tykte ho at de var fine?» «Takktol» er svaret her og. Enten er spørsmåla mine so dumme at dei gir meg tilsvarande logiske svar, eller so er det eg som ikkje skjønnar logikken… Mogleg at begge deler er tilfelle…

Feiring nummer to for dagen var ved Skulehuset på Nes. Leikar for borna og kaffi til dei vaksne fekk eg rapport om då eg spurde eldste guten korleis det hadde vore der inne. Og eit meisterleg fall etter lang tilfart NETT før lengdegropa, som hadde gitt stormande applaus.

Etter det frammifrå hoppet vart det sjølvsagt premie. Det fekk eg i alle fall fortalt so fort dei kom innatt dørane  her heime. «mamma… Mamma. MAMMMMMMA..»… «Ja, der var de ja, var det kjekt?» «PINNE… SÅ MAMMA PINNE…».

Jepp, dei hadde vunne kvar sin pinne. Slek 17.mai-dings du blæs på so går rundt, med flott bonusbjelle i toppen og ein million små kuler som kan etast inne i «pinnen». Det trur eg var dagens høgdepunkt. Og jammen var dei fine å slost med dissa pinnane og =) Men nei, korrigerar pappaen. Det var ikkje den pinnen dei hadde vunne, dei hadde dei fått av bestemora. Det var kjærligheit på pinne dei hadde vunne! Ikkje lett for ei nedsylta mor å heilt få tak i essensen av 17.mai utfrå stikkorda pinne og traktor, spesielt ikkje når dei veivar med heilt andre pinnar enn dei som dei snakkar om =)

Pinnane dei hadde ete opp var del av større premie. Pappaen smugla ut harde tyggisar og byta ut med twist etter heimkomst – og DET var i alle fall godt det. Eg skunda meg å reiv av nye jakkane og skjortene som fortsat var kvite på deler av plagget – før sjokoladehendene gjorde seg gjeldande – og me fekk filma dagens einaste videosnutt – to barmaga gutar med sjokolade oppetter øyrene som har fått PINNAR. Kan det bli betre?

HURRA FOR 17.MAI

Tags: