Ein liten skitur…

La målarkosten på hylla i dag og tok oss ein liten tur ut i det fri so me ikkje heilt skal gløyme korleis det følest =)

Køyrde oppå Harastølen og gjekk på ski opp til stølen Røssete – me hadde berre eit par feller i dag, so me tok ei kvar og stavra oss opp i gjøno. Blir sterke i armane av slikt! Sete oss oppi ein skråning og sola oss eit par timar, og so var det heimatte. Enkelt og greit =)

Røssete i sol =)

Her er den vesle skåningen som Magne ville sitje oppi:

soling på toppen ja

Men det var no greit det =)   Magne sola seg topplaus i finvêret!

Utsikten på sitjeplassen vår var det i alle fall ikkje noko å seie på:

Godt med eit par timar frisk luft – no trur eg me har fått litt overskot til å arbeide i huset att! I kveld skal eg på påskerevyøving – so neste husrapport kjem i måro =)